Frå august 2011 har næringshagen på Finnøy skifta namn, frå Finnøy til Ryfylke næringshage. Satsingane våre omfattar i tillegg til Finnøy, no også Rennesøy kommune. På Rennesøy vert det no etablert og jobba for ein avdeling av Ryfylke næringshage.
Vår visjon er å bli den mest skapande næringshagen i regionen. Våre satsingar er innan landbruk, veksthusproduksjon, havbruk og reiseliv. Me er medlem i Ryfylkealliansen og har samarbeidsavtale med Ipark om inkubatorverksemd.
Leietakarane i Ryfylke Næringshage har kompetanse innan vår blågrøne satsing. I tillegg har næringshagen eit stort nettverk av ulike aktørar utanfor bygninga som deltek i satsinga vår. Finnøy og Rennesøy kommune er våre største samarbeidspartnar. Vårt motto: ”Me er best i saman” ligg i botn av arbeidet vi gjer her hos oss.
Ryfylke næringshage skal vere ein bidragsytar i målet om auka innovasjon, nyskaping og oppretting av arbeidsplassar. I tillegg skal vi vektleggje natur, kultur og trivsel.